Mjonøy

Velkommen til Mjonøy

Enten du kjem frå aust eller vest langs E 134, bør du leggje kvilepausa til Mjonøy i Vinje. I sommarmånadane har me ope kvar dag. Me har steinomnbakeri, gardsmatutsal, kafe med middagsservering, kunstutstilling og handverksutsal. Alt samla i eit triveleg gardstun.

Her kan du få ein skikkeleg heimegjort matbit. Mykje er er basert på råvarer frå Telemark. Du kan gå i bakeriet og forsyne deg av store, fristande skillingsbollar eller brød frå den vedafyrte steinomnen. Fristar det å bli lenger har me hytter som dekkjer alle slags behov og i tilegg ein liten campingplass.

Elvene Klevastøylåi og Smørkleppåi renn rundt Mjonøy og dannar ei øy som du høyrer i namnet. Dei renn rett forbi og byssar deg i søvn.

Mjonøy på kartet


View Larger Map