Velkomen til Heim Jordi (Vinje)


                                .....Opplev det løynde Telemark!             

Pris

Vertskap: Arne Vinje og Kari Tellefsen

Hytta Heim ligg i ein lund av bjørk og furu med utsikt over Vinjevatn og fjellheimen bak; romsleg og velbygd, oppført i rundtømmer med utvendig tømmermannspanel og innreidd med høg standard. Stoge og peisestoge med eit gedigent langbord, moderne og fullt utstyrt kjøken, 4 soverom med sengeplassar til 9 personar, nytt baderom med dusj og WC. Originalkunst av høg kvalitet på veggane og god litteratur i bokhyllene.
Heim ligg på garden Jordi, del av gamle Nordigard Vinje, midt mellom Plassen og Vinje kyrkje. Seks kyndige Vinje-brør bygde huset i 1934 for tidlegare prest i Vinje og prost i Vest-Telemark, Halfdan W. Freihow. Han sette sjølv det noko paradoksale namnet på hytta som eit uttrykk for den sterke tilknytinga han og familien hadde til bygda.

Produksjonen på garden er sauehald (spælsau i mange fargar) og skogsdrift. Kari produserer dessutan økologiske urter og grønsaker for sal, og Arne er forfattar av fleire bøker og artiklar.

3890 Vinje. Telefon 35 07 25 66, telefaks 35 07 25 27, e-post arvinje@online.no