Velkomen til Kårstoga på Vesås


                                .....Opplev det løynde Telemark!     

Pris

Vertskap: Olav og Eli Vesaas

Vesås er garden der Tarjei Vesaas blei fødd og vaks opp som odelsgut. I den gamle stoga, mellom grove, magetelgde tømmerveggar og med ei uvanleg forseggjort innreiing, skreiv han sine fyrste bøker og prosastykke. Innreiinga er den same no som då.

Vesås ligg svært vakkert til, med praktfullt utsyn til åsane og fjella i sørvest. Drifta er sau (spælsau i mange fargar), skog og tradisjonelle handverk som smiing, sylvarbeid, veving og spiting. Vertskapet produserer og sel den populære Vesås-kurven, ei middagspylse av mali, krydra og røykt sauekjøt. Garden har ei eiga samling av gamle reiskapar og gjenstandar.

3890 Vinje. Telefon 35 07 21 31, e-post olav-ves@frisurf.no